Peer Gynt
Eg har vore engasjert i Per Gynt-stemnet her på Vinstra sidan fyrst på åttitalet. Både som arrangør og aktør.
Ibsens Peer Gynt ved Gålåvatnet er vel kjent for dei fleste. Dei årlege framsyningane samler 12-13000 tilskodarar, og rifta om billettane er svært stor. Oppsetjinga er eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. Regi og hovudrolla som Peer har teatersjefen ved Oslo Nye, Svein Sturla Hungnes. Av andre profesjonelle nemner eg Lars Andreas Larssen, Mari Maurstad, Kari Simonsen, Linda Øvrebø og Rune Reksten. I tillegg bortimot hundre svært flinke amatørar! I bortimot ti år har eg hatt rolla som far til Mads Moen, Hofftrollet og andre småroller.
Fyrste akt går på dølamål, og jobben med omskrivinga frå Ibsens-mål til døl er det eg som står for. Ta det med ro; eg har normalisert døladialekta, så det ligg tett opp til Ibsen, og er lett å forstå. Sist vinter vart Rødnissene og Blånissene ved Gålå satt opp for fyrste gong. Over 5000 såg dei fire framsyningane! Oppsetjinga er bygd på sam lest som Peer Gynt – med profesjonelle og amatørar. Eg var Nissefar!
|